Innlandet fylkeskommune Kompetanse og tannhelse

Kompetanse, Vinstra vgs. - Rektor

Beskriving

Vinstra vidaregåande skule søkjer ein resultatorientert rektor som kan motivere og inspirere tilsette og elevar. Våre vidaregåande skular er viktige kompetansebedrifter i sine regionar og er sentrale aktørar i samfunnsutviklinga.

Meir informasjon om skulen finst på

Vi søkjer deg som

  • har dokumenterte leiarferdigheiter og kan vise til gode resultat
  • set elevane si læring og resultata deira i sentrum
  • set retning og motiverer til samskaping
  • analyserer og bruker resultat for å setje i verk tiltak for å nå måla til skulen
  • har fokus på god og effektiv økonomistyring

Vår nye rektor kjenneteiknast av

  • eit distribuert leiarskap som er prega av tillit og handlekraft
  • at han/ho ser moglegheiter og gjev handlingsrom
  • heilskapstenking og evne til samarbeid

Vi tilbyr

  • ei utfordrande, interessant og utviklande stilling
  • deltaking i kollektive utviklingsprosessar
  • eit nettverk av gode og kompetente kollegaer
  • eit aktivt arbeids- og skulemiljø
  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

100 % fast stilling.

Ønska kvalifikasjonar

  • relevant utdanning på masternivå
  • brei fagleg forståing for oppgåvene til den vidaregåande skulen
  • leiarkompetanse og leiarferdigheiter
  • relevant pedagogisk erfaring og kunnskap
  • gode samarbeidsevner
  • gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg

Ønska eigenskapar

  • har gode relasjonsferdigheiter og eit romsleg menneskesyn
  • har evne og vilje til å setje klart definerte mål og arbeide strategisk for å nå desse
  • utviklar skulen sin samarbeidskultur og profesjonsfellesskap
  • utviklingsorientert og engasjert
  • står for og byggjer verdiar
  • gjennomfører heilskapleg styring
  • kommuniserer aktivt internt og eksternt
  • ønskjer andre vel og gjer andre gode

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtalige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Del på:

Fylke:

  • Innlandet

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingsnivå:

Rektor

Stillingstype:

Fast stilling

Arbeidsområde:

Videregående skole

Hjemmekontorstatus:

Etter avtale

Søknadsfrist:

01.04.2025

Tiltredelse:

01.08.2025

Arbeidssted:

Vinstra vidaregåande skule

Adresse:

Parkgata 64 2317 Hamar

Kart: