
Vinstra vidaregåande skule - Barne- og ungdomsarbeidar
Vinstra vidaregåande skule - Barne- og ungdomsarbeidar
Beskrivelse
Vinstra vidaregåande skule har ledig fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar i 89% frå 01.08.2025
Vi søkjer deg som
- liker å jobbe og har erfaring med ungdom med særlege omsorgsbehov
- evner å etablere gode relasjonar til elevar og tilsette
- er punktleg og påliteleg
- er engasjert og omgjengeleg
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner både skriftleg og munnleg
- liker å bidra i å skape eit godt, inkluderande og trygt læringsmiljø for skolens ungdommar
- har god digital kompetanse
Vi tilbyr
- ein arbeidsplass med mottoet: Gode forbilde former framtida
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- eit miljø med dyktige mannlege og kvinnelege elevassistentar
- eit aktivt fagmiljø og en allsidig arbeidsplass med undervisning for ungdom og vaksne innan yrkesfag og studieforberedende fag
- eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på elevars læring og utvikling
- open skole på ettermiddag onsdagar
Om stillinga
- 89% fast stilling barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev
- Stillinga er ledig frå 01.august 2025
- følger elevens skoleår med fri i skoleferiar (89% lønn)
- arbeidstid hovudsakeleg mellom 07:45 – 15:15, dersom ikkje anna er avtalt
- den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av krav til stillinga, utdanning og erfaring jf. lov- og avtaleverk
Arbeidsoppgåver
- ta aktivt medansvar og initiativ til at oppgåver gjennomførast
- oppgåver knytt til enkeltelevar, gruppe og klasse
- bidra til å sikre eit trygt læringsmiljø både i timane og i fellesareala
- etablere og vedlikehalde gode relasjonar til elevar
- følge opp enkeltelevar etter utarbeidde planer
- bidra med arbeidsoppgåver ved open skole onsdag ettermiddag (forberede mat, ulike aktivitetar mm)
- gi inspirasjon og bidra aktivt til eit godt læringsmiljø i gruppa og på skolen ellers
Kvalifikasjonskrav
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
Ønskte kvalifikasjoner
- fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller annan relevant erfaring innan yrker vi rekrutterer til gjennom utdanningsprogramma vi tilbyr ved vår skole
- god orden og åtferd
- det vil bli lagt stor vekt på personleg egnethet
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Del på:
Fylke:
- Innlandet
Jobbtype:
Fast
Heltid/Deltid:
Heltid
Arbeidstid:
Dag
Stillingsnivå:
Assistent
Stillingstype:
Fast stilling
Arbeidsområde:
Videregående skole
Hjemmekontorstatus:
Ikke mulighet for hjemmekontor
Søknadsfrist:
20.05.2025
Tiltredelse:
01.08.2025
Arbeidssted:
Vinstra
Kontaktpersoner:
Avd.leder Mette Marie Skurdal
mob: +47 41 63 74 44
Rektor Gunn Oddveig N. Berg
mob: 99025224
Hjemmeside:
http://www.vinstra.vgs.noAdresse:
Gamle Skåbuv. 10 2640 Vinstra