Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule

Vinstra vidaregåande skule - Avdelingsleiar musikk

Beskrivelse

 Vinstra vidaregåande skule søkjer etter avdelingsleiar i 100% stilling, der delar av stillinga er undervisning.

Vi søkjer deg som

  • set eleven si læring og læringsmiljø i sentrum
  • har engasjement og drivkraft til å leie musikk- og folkemusikkundervisning ved skulen og som likar å vera ein lagbyggjar og læringsleiar
  • evnar å sjå heilheita på skulen, er opptatt av fellesskapet og som spelar på lag med andre avdelingar
  • er endringsvillig, løysingsorientert og utviklingsorientert, og har evne til å analysere praksis i skulen
  • har eit sterkt engasjement og god evne til å leie, motivere og støtte dine medarbeidarar
  • har gode samarbeidsevner og kommunikasjonsferdigheiter
  • er ope og tydeleg
  • har høg integritet, er påliteleg og ein god lagspelar
  •  etablerer god samhandling med og forankring i skulesamfunnet
  • utøver di leiarrolle i tråd med verdigrunnlaget i fylkeskommunen
  • kan prioritere oppgåver og jobbe systematisk og systemretta
  • har god kjennskap til og innsikt i vidaregåande opplæring, og kan omsetja kunnskapen i arbeidet med administrative fellesoppgåver
  • har god organisasjons- og rolleforståing
  • er kvalitetsorientert og oppteke av effektiv ressursbruk og gode resultat
  • har stor arbeidskapasitet og trivst med å ha mange og ulike arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • ein god arbeidsplass i fylkeskommunen, og i ein kommune som engasjerer seg i skulen
  • godt lærings- og arbeidsmiljø
  • eit breitt og spennande fagmiljø
  • flotte undervisningslokale på ein moderne skule
  • interessante arbeidsoppgåver og gode utviklingsmoglegheiter
  • samarbeid med dyktige kollegaer i andre fagteam og avdelingar
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode lønns-, pensjons- og forsikringsordningar
  • engasjerte elevar på musikklinja og landslinja i folkemusikk som markerer seg i lokalt og nasjonalt kulturliv

Om stillinga

  • avdelingsleiar for musikkavdelinga med undervisning
  • frå 01.08.2025
  • den som blir tilsett i stillinga vil bli innplassert i stillingskode avhengig av utdanning og erfaring jf. lov og avtaleverk
  • arbeidsstad Vinstra

Arbeidsoppgåver

  • personaloppfølging
  • pedagogisk utviklingsarbeid
  • ansvar for utvikling av musikkfag ved skulen
  • dagleg drift 
  • økonomiansvar
  • administrative fellesoppgåver
  • undervisning, for tida i programfag på musikk
  • tett samarbeid og samhandling med dei andre avdelingsleiarane som utgjer leiargruppa

Kvalifikasjonskrav

  • skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning
  • pedagogisk utdanning
  • undervisningskompetanse, helst i musikkfag

Ønskte kvalifikasjoner

  • skuleleiarutdanning eller anna relevant leiarutdanning. Kan erstattast med relevant leiarerfaring
  • pedagogisk utdanning
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • undervisningserfaring og kompetanse primært innan musikkfaga
  • undervisningskompetanse i andre fag for vidaregåande skule
  • gode kommunikasjonsevner munnleg og skriftleg
  • gode IKT-ferdigheiter

 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.

Del på:

Fylke:

  • Innlandet

Jobbtype:

Fast

Heltid/Deltid:

Heltid

Arbeidstid:

Dag

Stillingsnivå:

Avdelingsleder

Stillingstype:

Fast stilling

Arbeidsområde:

Videregående skole

Hjemmekontorstatus:

Ikke mulighet for hjemmekontor

Søknadsfrist:

03.06.2025

Tiltredelse:

01.08.2025

Arbeidssted:

Vinstra

Kontaktpersoner:

Grete Vargeid

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 90760822

Rektor Gunn Oddveig N. Berg

mob: 99025224

Adresse:

Gamle Skåbuv. 10 2640 Vinstra

Kart: