Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule - Lærling IT-driftsfaget
Beskrivelse
Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule har ledig stilling som lærling i IT-driftsfaget frå august 2026.
Vi søkjer deg som
- er serviceinnstilt og engasjert
- er lære- og samarbeidsvillig
- har evne til å bygge gode relasjonar til elevar og tilsette
- har gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- ein spennande arbeidsdplass der ingen dagar er like
- gode kollegare og eit utviklande miljø
- opplæring etter læreplan
- lønn etter gjeldande avtaleverk
- fylkeskommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Om stillinga
- 100% fast stilling som lærling ledig frå august 2026
- IKT-avdelinga består av to faste tilsette og ein lærling
Arbeidsoppgåver
- Kundeservice, brukerstøtte og opplæring/rettleiing av elevar og tilsette
- drift og vedlikehald av skulen sitt nettverk, IKT- og AV-utstyr
- andre oppgåver etter virsomheita sitt behov
Kvalifikasjonskrav
- Fullført og bestått vg2 Informasjonsteknologi
- personleg egnaheit vil bli lagt vekt på
Ønskte eigenskapar
- Omgjengeleg og serviceorientert, vera lærevillig og ha ei positiv innstilling
- Vera løysingsorientert, kreativ og samarbeidsvillig
Søknad
Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.
Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.
Fylkeskommunen er ei verksemd i utvikling og endring. Arbeidsoppgåver, ansvarsområde og organisering vil difor kunne utvikle og endre seg i takt med behovet til organisasjonen.
Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.
Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.
Vi ser fram til å motta søknaden din.
Del på:
Fylke:
- Innlandet
Stillingsnivå:
Lærling
Arbeidsområde:
Videregående skole
Søknadsfrist:
14.04.2026
Tiltredelse:
03.08.2026
Arbeidssted:
Otta
Kontaktpersoner:
Hjemmeside:
http://www.n-g.vgs.noAdresse:
Skansen 9 2670 Otta